MINNE: Stordafjellet har følgt Astrid Kjellevold heile livet. Her har ho mange minne frå barndommen, ein barndom som ikkje alltid var like lett. Foto: Henrik Mundal Andreassen

«Du er jenta vår herre har gitt meg, du er den jenta som aldri vert kvitt meg»

Astrid Kjellevold Olsen er 17 år og sit på toget nedover mot Tyskland. Stordabuen er på veg på sommarferie, på interrail, då ho opnar skuledagboka og les eit dikt som faren Kjell Arne Olsen har skrive til henne før avreise.