«Huset på prærien», Johs. Lekven sitt Hansa-agentur og ølutsal opna våren 1978. Arkivfoto: Tor Resser

Slik blei «Prærien» eit handle-eldorado

Ein ølbutikk omgitt av skog og myr. 45 år seinare eit konglomerat av rundt 130 butikkar, kontor- og industribedrifter som omset for milliardar og sysselset over 2000 menneske. Og Heiane-ekspansjonen er ikkje over.