Leirvik hjelpefengsel for vel 100 år sidan, med løe bak til høgre og uthus og to luftegardar til venstre. Foto: Severin Kannelønning

Frå fangehus til hotell

Publisert: Oppdatert:

Mykje gammal smerte, fortviling og ein god del barnegråt sit i veggene på det som har blitt det mest særprega hotellet på våre kantar.

I hundre år husa Leirvik-fengselet fattiglemmar og rusglade som gjekk over streken – frå 1864 og fram til den aller siste fangen var låst ut 1. mai 1965.

Det var ikkje opplagt at Stord skulle få etablert eit fengsel då Noreg med si store fengselsreform av 1857 la opp til 56 nye distriktsfengsel landet rundt. For på Halsnøy hadde klosteret i over hundre år hatt eit fangehus for sørlege Hordaland, der blant andre meistertjuven Gjest Baardsen var innom i 1814 før han rømde.