Stord Sparebank hadde lenge lokale i det gamle kommunehuset Tingvoll, først i andre høgda – frå 1952 på gateplan, i huset øvst til venstre på biletet. Her passerer 17. mai-toget opp Borggata i 1925. Nærmaste hus nedanfor var Søndhordlands Privatbank (seinare Sunnhordlandsbanken/Vestlandsbanken). Foto: Severin Kannelønning

Krise og underslag velta banken

Finanskrisa i 1920-åra fekk bank etter bank til å vakla. I februar 1925 var det Stord Sparebank sin tur til å be om offentleg administrasjon i kampen for å overleva. Det gjorde ikkje situasjonen betre at bankkasseraren hadde tært på skrinne bankmidlar med eit stort underslag.