Det hadde vore ei kjøleg januarhelg på Litlabø.
I fabrikken oppunder Høgåsen var råmaterialet for sprengstoffet – nitroglyserin blanda med olje – frose til natt til måndag 12. januar 1880.
Fabrikken sin ferske og unge sjef prøvde på morgonen å banka laus og tina stivna restar i botnen av eit nitroglyserin-kar.
Han følgde ein hardhendt praksis det var klåre åtvaringar mot då han handterte det svært eksplosive stoffet.
Etter berre vel tre års drift gjekk dynamittfabrikken ved gruvene i lufta så smellen gav gjenlyd ut til Bømlo og langt inn i Kvinnherad.
Tre mann omkom, ein fjerde berga livet på mirakuløst vis.
Den store smellen på Litlabø