Me mottok denne veka den triste bodskapen om at onsdagsavisa frå Bladet Sunnhordland hadde gått bort.

Ho var alltid ein trufast fylgjesven ved frukostbordet. Saman med kaffikoppen.

Ho gjorde starten på dagen til eit lyspunkt. Då kunne eg setja meg i godstolen, og me hadde ei fin og opplysande stund saman. Ho fortalde meg kva som hadde skjedd i lokalsamfunnet dei siste dagane. Gledelege ting. Engasjerande saker, og saker som ergra.

Dei var i utgangspunktet fem stykk i syskjenflokken. For ein del år sidan vart to stykk brått rivne bort. Og me sat att med berre tre trufaste vener. No har og éi til takka for seg.

Kjære onsdagsavis. Eg kjem til å sakna deg.

Og eg lyser fred over ditt minne.