«Eg trur eg heilt ærleg eg ikkje hadde klart å fullføra vidaregåande, for eg hadde ikkje hatt motivasjon til det». Dette var svaret til ein elev på vg2 medium og kommunikasjon då me spurde klassen kva som hadde skjedd om me ikkje hadde hatt denne linja på Stord. Vestland fylkeskommune føreslår no å leggja alle kreative fag til Bergen, utanom Nordfjord, som får behalda musikk. Dette vil seia at elevane ute i distrikta ikkje får mogelegheit til å gå media, musikk eller kunstfag, sjølv om mange ungdommar framleis har eit ønske om dette. Er det verkeleg rettferdig at distriktselevane, framtida vår, skal betala prisen for ei innsparing i fylkeskommunen?

Om utdanningsprogramma for media og musikk forsvinn som tilbod i Sunnhordland, har kreative og utøvande elevar ingen reelle studieførebuande utdanningsval. Ved å redusera valmogelegheitene til elevane, vil ein også redusera motivasjonen. Konsekvensen kan vera at det blir vanskelegare å nå fylkeskommunen sine mål om auka gjennomføring med kostnadane det fører med seg. På dei kreative linjene har elevane mange fleire timar med fag dei er interesserte i. Å fjerna media og musikk frå Sunnhordland vil fjerna kreative og utøvande ungdommar sitt høve til å følgja sine interesser. Motivasjonen vil forsvinna, og det er ikkje sikkert elevar klarar å fullføra eit treårig løp.

Ein annan ting som er særs viktig å tenkja på når ein flytter dei kreative faga til Bergen, er at det vil føra til store konsekvensar for lokalsamfunna. Alternativet for våre ungdommar vil vera å reisa på privatskular med internat eller dagpendla ut av distriktet for å følgja draumen sin. Men å flytta til Bergen blir for langt for mange. Hordfast blir ikkje noko av før langt fram i tid, og elevane er berre 15 og 16 år når dei skal starta på vidaregåande. Å leggja ned linjene gjer dermed at det å veksa opp i Sunnhordland ikkje lenger er likeverdig med å veksa opp i Bergen.

Om elevar må flytta ut av Sunnhordland, mister distrikta innbyggjarar og næringslivet viktige bidragsytarar. «Lokalmiljøet vil mista ungdommane sine, og det er ikkje sikkert dei kjem tilbake». Denne kommentaren frå vg2-elevane bør me ta på alvor. Allereie på vidaregåande skaffar ungdommen seg viktige kontaktar gjennom samarbeidsprosjekt med lokalaviser og andre store aktørar i lokalmiljøet. Kunstutstillingar, avisproduksjon og podkastar, plakatar dokumentasjon av konsertar og PR-materiale – for å nemna noko. Dette fungerer som ein døropnar for mange, og dei får prøvd seg på reelle oppdrag. Næringslivet mister mogelegheita til å rekruttera framtidig arbeidskraft, då samarbeidet ikkje lenger blir noko av – i ei tid der arbeidsmarknaden skrik etter nyteknologisk og kreativ kompetanse.

Elevane ved medium- og kommunikasjon skreiv ned kvifor dei meiner det er viktig å behalda linja som er føreslått nedlagd i Sunnhordland. Foto: Privat

Vestland fylkeskommune har eit handlingsprogram om auka fullføring, og me er redde for at ei innsnevring av tilbodet i Sunnhordland vil gjera det vanskelegare å nå målet om auka fullføring. Prinsippa fylkeskommunen har strider nemleg heilt mot deira eigen praksis, som no handlar om å fjerna fleire tilbod i distrikta. Skal ikkje fylkeskommunen jobba for eitt breitt tilbod for å bevara distrikta? Jo, det er akkurat det dei skal, men det er ikkje det dei gjer. Fylkeskommunen har sjølv lagt følgjande prinsipp til grunn for tilbodsstrukturen i Vestland:

« … vidareføra den desentraliserte skulestrukturen. I distrikta er skulen ein viktig hjørnestein for lokalsamfunna og sikrar mange elevar mogelegheit til å gå på ein skule nær der dei bur. Elevane skal ha tilgang på variert opplærings- og linjetilbod i sine nærområde». Å fjerna dei kreative linjene i Sunnhordland vil sterkt redusera valmogelegheitene til ungdommane som skal velja vidaregåande, og dermed fjerna motivasjon. I tillegg mister lokalsamfunnet ungdommar, og næringslivet viktig og framtidsretta arbeidskraft. Dette er ikkje vegen å gå når fylkeskommunen no skal spara pengar. Det strider heilt mot fylkeskommunen sine eigne prinsipp, og går utover ungdommane våre.