Eg undrast over den kommunen eg bur i, der økonomien er så pressa at ein mellom anna snakkar om å leggje ned skular, sjukeheimsplassar må stå tomme, symjetilbod, SLT-koordinator og mykje anna viktig må kuttast, og der dei kommunale avgiftene kan bli blant dei dyraste i landet.

Men, ishall på Vikahaugane - Vika Arena - det skal me ha! Eg undrast.

Eg vil gjerne sjå politikarane sin rekneskap på korleis dette prosjektet kan gagne lokalsamfunnet i den økonomiske situasjonen me er i. Er oppretting av eit aksjeselskap som skal drifta hallen eit «smart» trekk, som gjer det vanskelegare å få innsyn i ymse dokumentasjon? Eg undrast.

Kven er det eigentleg som vil ha denne hallen? Dei få medlemmene i skeisegruppa? Ei gruppe der eg sjølv har stått på dugnadar som skeisemamma, og som eg veit har mange flinke eldsjeler. Eller er det dei som enno lever på OL-sølvet frå 1994 og drøymer om ei ny stjerne frå Stord? Eg undrast.

Er det ikkje noko naturstridig i å bygge ein slik råflott hall for ein så forsvinnande liten sport, og det til og med på vestlandskysten? Eg undrast.

Det er ingenting å seie på designet - det er eit OL verdig. Men kva er poenget viss hallen eigentleg er for liten, og dei som satsar likevel må til Sørmarka arena eller Hamar for å gå løp? Eg undrast.

Jo, eg har høyrt argumenta for at det også kan leggast til rette for andre aktivitetar i hallen, slik som fotball i sommarhalvåret. Trass i at Stord har eit heller fuktig og vindfullt klima året rundt, så er det vel helst om vinteren den største, og mest populære idretten både i verda og på Stord, treng tak? Nei, det er verkeleg så ein må undrast.

«Det er nesten som ein hån å rekna», skriv Anne Josefine Stautland om den politiske prioriteringa av ishallen. Foto: JK Arkitektur

Ishallen er flott den, for all del, men dersom eit aksjeselskap skal drive den, kvifor må kommunen ha noko med dette å gjere i det heile? Kva om aksjeselskapet går konkurs, kven skal då ta rekninga? Eg undrast.

Det er vanleg at politikarane følgjer innstillinga til kommune­administrasjonen. Kvifor går dei då imot det kommune­direktøren har innstilt på i denne saka? Noko stinkar, og eg undrast endå meir.

Me lever i ei dyrtid der mange slit med å få endane til å møtast. Me tek imot folk som flyktar frå krig. Det vert fleire eldre som treng hjelp, og det blir stadig vanskelegare for dei unge å komme seg på bustadmarknaden, men politikarane i Stord, dei vil prioritera å bygge ein råflott ishall! Det er nesten som ein hån å rekna, og eg undrast om det ikkje er nokon som burde skamme seg!

Dersom ein ishall kan byggjast utan bruk av skattepengar, så stiller saka seg sjølvsagt annleis, og eg treng ikkje undra meg.

Ein kommune er ansvarleg for å drive lovpålagte tenester og må prioritere desse. Det er på tide å stikke fingeren i jorda og innsjå realitetane: Stord kommune har på ingen måte råd til å involvere seg økonomisk i dette prosjektet. «Me reiser ikkje til «Syden» på kredittkort når me ikkje har råd til mat!»

Denne saka har allereie skapt uro i lokalmiljøet, og dersom politikarane gir klarsignal for byggjing av Vika Arena, korleis vil den økonomiske framtida bli for innbyggjarane i Stord?

Eg undrast …