To vidaregåande skular på ei relativt lita øy, er kanskje i overmåte med nedgåande elevtal og svekka økonomi.

Å leggja ned linjene for musikk og kunstfag kan eg også forstå med tanke på søkjartal og dersom utdanningstilbodet i landet skal tilpassast arbeidsmarknaden. Det er få faste stillingar innan kunst og kultur, og det vert knipe inn på dei.

Men arbeidsplassane innanfor det meste av kunstfeltet har aldri vore faste, biletkunstnarar, visesongarar, rock- og jazzmusikantar t.d. har ikkje bruk for kunstinstitusjonar som kan gi dei fast stilling. Eit lite land som Noreg kan heller ikkje brødfø alle frilansarane, så mange av dei aller flinkaste har anna næring attåt. Men det vil ikkje seia at dei ikkje har nytte av utdanning, det vil heller ikkje seia at samfunnet ikkje har bruk for dei.

For det har samfunnet. Og i staden for faste stillingar, er det oppretta gode stipendordningar, som eg trur er ganske eineståande for Noreg, som gjer kunstnarar høve til å konsentrera seg om arbeidet sitt i lengre eller kortare periodar.

Atle Hansen (SV) er vararepresentant til Stord kommunestyre. Arkivfoto: Preben Ørpetveit Solberg

Men lokalsamfunna treng også desse som tek utdanning innan kunst og kultur, sjølv om dei ikkje jobbar med det på profesjonelt nivå. Skule, omsorg, barnehagar - sjølvsagt, men også innan andre yrkesfelt vil ein estetisk kompetanse vera av god nytte.

For ikkje å nemna det lokale kulturlivet. Det er berre til å sjå seg om på Stord. Me har eit fantastisk kulturliv sett saman av amatørar og profesjonelle og det skuldast i stor grad dei estetiske linjene på vidaregåande og høgskulen.

Dette er også av verdi for samfunnet. Skal me ha folk til å flytta hit, bu her, jobba her innan industri, anlegg, handel, omsorg og administrasjon, må me ha eit godt fritidstilbod som dei både kan vera deltakarar i og publikum. Begge er like viktige for kulturlivet, utøvar og tilskodar.

Elevane frå dei estetiske linjene får med seg ein del andre røynsler og verdiar, vil eg meina, enn dei som går gjennom rein teoretisk utdanning, som dei kan ha nytte av i næringsliv og administrasjon. Her er det også berre å sjå seg om i lokalsamfunnet.

Og viss det er slik at skulane berre skal utdanna folk etter kva behov næringslivet og den offentlege arbeidsmarknaden har bruk for, kvifor har me då idrettslinjer? Kva slags nytte har dei for samfunnet? Truleg dei same som dei estetiske faga. Dei færraste elevane vert fagfolk innan idrett, men dei kan vera av nytte for samfunnet likevel.

(Dette innlegget blei først publisert på Atle Hansen si Facebook-side og på Storden.no.)