Halvdan Svarte var far til Harald Hårfagre.

Det står følgjande om denne mannen i Snorre Sturlason sine kongesoger:

«Kong Halvdan var ein klok mann som heldt på sanning og rettferd; han gav lover og heldt dei sjølve, og han let andre halda dei, så ikkje ageløyse skulle gjera lova til inkjes...»

Skulle meina at desse orda skulle ha noko å seia til dei politikarane som sit og styrer i dag. Halvdan Svarte må ha vore ein mann med integritet. Integritet går aldri av moten, og er ein føresetnad for tillit. Politikarar som prøver å ordna ting til fordel for seg sjølv, undergrev denne tilliten som i årevis har vore ein berebjelke i den norske samfunnsmodellen. No er det noko som raknar, og statsrådar blir avsette og bytte ut med rekordfart.

Halvdan Svarte levde i ein overgangsfase i norsk historie då heidenskapen smått om senn måtte vika for kristendomen. Den gamle norønne trua la mest vekt på makt. Den nye trua på sanning og rett, og retten var definert av Guds lover i Bibelen. Det skapte ikkje berre store og gode endringar i Noreg, men det skapte faktisk sjølve nasjonen.

Noregssoga og kristendomen si soge i landet er vevd tett saman.

Halvdan Svarte var nok ingen kristen mann, men at han var influert av kristendomen er heva over tvil i og med at han let sonen sin Harald døypa som lite barn. Eg trur dette kjem av at kona hans, Ragnhild, kan ha vore kristen. «Dronning Ragnhild drøymde store draumar,» les me i Snorre. Og den eine av desse draumane får me oss fortald. Dronninga såg i draumen eit tre veksa opp. Det vart stort og hadde mange greiner.

Nedst var det blodraudt, så vart stamma grøn før greinene vart kvite som snø, og dei breidde seg ut over heile Noreg og enno lenger, les me. Denne draumen liknar på mangt me kan lesa om i Bibelen, og blir oppfatta som ein profeti om det store kongedømme som skulle koma ut frå Ragnhild sitt liv, og eg skjønnar draumen hennar slik: Det skulle starta blodig, så skulle det bli livskraftig og prega av fred for til å slutt å bli ein heilag nasjon prega av trua på Kvitekrist, ei tru som skulle breia seg frå Noreg til andre nasjonar. Dette kan sikkert diskuterast, men eg vågar minna om at ingen nasjon har gjennom tidene sendt ut så mange kristne misjonærar til andre land sett i høve til folketalet som Noreg, og lenge kunne det seiast at landet var eit kristent land. Det er ikkje slik no, men det kan bli slik igjen, og tusenårsjubileet for innføringa av dei første kristne lovene i Noreg på Moster i juni, kan kanskje bidra til at me reflekterer litt over kor me kjem frå og kva retning me går i og kor me ønskjer å enda opp som nasjon. Det ligg så enorme verdiar i bodskapen som Jesus Kristus kom med at eg vonar inderleg at me enno ein gong, både som enkeltpersonar og som nasjon, ser hen til han, låner øyra til han og innrettar liva våre etter han. Då vil det gå oss godt.