Jektavik–Hodnanes-ferja låg i ro til klokka 10.00 på torsdag. Dette avdi mannskapet er pålagt kviletid.

Kvifor?

Det har aldri, ALDRI, vore noko problem tidlegare. Då har ferja gått i rute på morgonen, sjølv om mannskapet var ute på ein beredskapstur i løpet av natta. Men etter at Karl Eirik Schjøtt-Pedsersen og riksrevisjonen hadde revisjon hos Sjøfartsdirektoratet, så har mange ferjer langs heile kysten fått problem. Dispensasjonar på kviletid har vorte fjerna. Fjerna av «slipstypar», slike som sit på kontor og som truleg aldri har vore ute i praktisk arbeid.

Det har aldri tidlegare vore kansellerte avgangar morgon og kveld, grunna kviletid eller mannskapsmangel. Verken på Våge-sambandet eller Hodnanes-Jektavik. Var det innstillingar, så var det tekniske problem, anten på land eller om bord.

Men slik er det ikkje lenger. No tvingar Sjøfart, Skyss og politikarane reiarlaga til å endra skiftordningane. Skiftordningar sjøfolka ikkje vil ha, eller som dei ikkje kan leva med. Ikkje kom her og fortel meg at eg får meir kvile av å ha 12 timar fri, i motsetning til å ha 24 timar fri mellom skifta. Dei som forlangar og krev slike ordningar, anten det er Sjøfart, Skyss, politikarar eller pendlarar. Vel, då tillet eg meg å sitera fotballegenda Jarle Alsaker: «Då har dåke so lite i håve, at dåke hadde klart dåke med eitt auga.»

Det er i alle fall ei gruppe som må halda kjeft. Politikarane. For er det nokon som kan gjera noko med dette, så er det dei. Lokalpolitikarar må ta saka til dei som sit på Stortinget. Slik at dei kan instruera Sjøfart i at dispensasjonane må halda fram. Slik at ferjene kan ha nok mannskap, og dessutan løyve til å oppretthalda rutene etter rutetabellane. Løysinga på heile problemet ligg hos Sjøfart og Skyss, som igjen er styrt av fylkes- og rikspolitikarar. Men alle skyv problemet over på reiarlaga, som må finna løysingar som me no ser ikkje fungerer.

Men politikarane har vel ryggrad som seigemenn, så det gjer dei vel ikkje.

Kjeft iallfall ikkje på mannskapet. Me gjer så godt me kan. Men me får berre ikkje lov til å gjera jobben vår. Jobben vår, det er å frakta folk over fjorden. Slik at dei kjem seg på jobb. At dei rekk det dei skal. At ungar og ungdom kjem seg på skule. Dette har både Sjøfart, politikarar, reiarlag og Skyss gløymt. Eller rettare sagt, Skyss skjønar ikkje noko likevel. Om de googlar «inkompetanse», vil de truleg hamna rett inn på heimesida til Skyss.

La meg ta eit eksempel. Ifølgje reglane til Sjøfart og Norsk Lovdata kan sjøfolk bryta kviletida ved naudsituasjonar på sjø. Om me må berga nokon i ein naudsituasjon, så gjeld ikkje kviletidsreglane. Kva er forskjellen på å berga ein i ein småbat med hjarteinfarkt, kontra å frakta ein med hjarteinfark over fjorden i sjukebil? Begge er naudsituasjonar. Men berre den eine må sjømannen ha kviletid etter. Forstå det den som kan.

Mi bøn til dei som styrer og bestemmer er: La oss få lov til å gjera jobben vår. Slik me har gjort i alle år tidlegare. Det fungerer!