annonse

«Å tru på julenissen»

Vil sørover
Vil sørover: «Å tru at ytre delar av Sunnhordland vil få det så mykje betre som del av Rogaland, er nok å tru på julenissen», skriv Sunnhordland på leiarplass. (Foto: Hilde Vormedal Nybø / arkiv)

  • Leiar

Hordaland fylkeskommune er historie frå 1. januar 2020. Erstatninga blir ein ny storregion saman med Sogn & Fjordane. Stordabu og teiknar Lars Slettebø har no sett i gang ein underskriftskampanje for å lodda stemninga om Sunnhordland bør melda overgang til Rogaland. Han meiner regionsreforma har vore udemokratisk, og han meiner at stadig fleire lokalt heller vil høyra til Rogaland.

Underskrivarane av dette oppropet meiner det vil vera meir naturleg at dei sørlegaste kommunane av Hordaland heller blir ein del Rogaland enn Sogn og Fjordane. I dag har kommunane Sveio, Stord, Bømlo og Fitjar eit omfattande samarbeid med Rogaland m.a. innan politi, helsevesen og næringsliv. Stord er den kommunen i landet med det mest oljeretta næringslivet i landet, og me meiner at det vil vera meir naturleg å tilhøyra oljefylket og ha Stavanger som regionshovudstad, enn å tilhøyra Sogn og Fjordane/Hordalandregionen med Leikanger som regionshovudstad, skriv Slettebø i oppropet.

Les også: Fylkespolitikar meiner Slettebø bommar

Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland er blant dei som tidlegare har sagt noko av det same. Men å tru at ytre delar av Sunnhordland vil få det så mykje betre som del av Rogaland, er nok å tru på julenissen. Rogalendingane har i fleire saker vist at dei er seg sjølv nok, slik som i fusjonsprosessen med tidlegare HSH, og nettopp i regionsdiskusjonen. Nord-Rogaland og Haugesund er ein region som ofte føler eg totalt overkøyrd av politikarar og byråkratar sør for Boknafjorden, og som kan skriva under på at det ikkje er noko særleg å vera ein utkant.

Les også: Fylkesordførar er smigra av flørten

Slettebø har rett i mykje av det han skriv. Særleg at regionsreforma har vore udemokratisk. Ein vestlandsregion utan Rogaland er det same som at regionsreforma er ein total fiasko. Så anten må Rogaland tvingast med, eller så kan fylkesgrensene like gjerne vera som i dag.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut