annonse

All grunn til å vera på vakt

Viktig
Viktig: 1. desember er røykvarslardagen. Eit fint høve til å gi alle røykvarslarar nye batteri. (Foto: Colourbox)

  • Leiar

I dag er det «Røykvarslaren sin dag», og forsikringsselskapa går ut og ber alle om å sjekka, og ikkje minst, byta batteri i alle røykvarslarar. Det er god grunn til å lytta på desse velmeinte råda.

Statistikken viser at 2017 ligg an til å bli det beste året nokosinne, og eit vendepunkt for branntryggleiken. Så langt i år har 17 menneske mista livet i brann, noko som er rekordlågt. Talet på omkomne har gradvis gått ned dei siste tiåra. I fjor omkom 40 menneske i brann, medan gjennomsnittet dei siste 40 åra har vore 64 brannoffer i året. Såleis er utviklinga positiv, og i tråd med at talet på brannar generelt går ned i landet.

Men sjølv om me går mot eit rekordår når det gjeld bustadbrannar, så er det all grunn til å vera på vakt. Sjølv om statistikken er aldri så god, er det likevel ni branntilløp i Norge kvar dag. Me går no inn i dei to farlegaste månadene: Desember og januar. Statistikken viser nemleg at det er då det skjer flest bustadbrannar i Norge. Då er vinteren på det kaldaste, folk er meir inne, dei brukar meir levande lys, og ikkje minst: Det er ei tid der folk også fyrer meir i peisen.

Ein fersk fylkes- og kommune-oversikt viser at kommunane i Sunnhordland ligg godt an, og Hordaland er blant dei fylka som har færrast brannar i høve til folketalet. Det er bra, men det er likevel ingen grunn til å ikkje ta råda på alvor. Branntryggleiken er noko me alle må ta på alvor, og lytt på råda frå fagfolka. Brann i sin eigen heim er noko av det verste ein kan komma ut for.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut