annonse

Alle tiders byggjeboom

Teinevikjo
Teinevikjo: Slik skal det sjå ut til slutt. Entreprenøren er så vidt i gang med å setja ned pålar. (Foto: Ing. Jørgensen)

  • Leiar

Det er mykje som skjer i Leirvik sentrum for tida. I tillegg til leilegheitsprosjekta Meierikvarteret og Hamnetind, som veks seg større og høgare for kvar dag som går, så er entreprenørane så vidt i gang med å setja ned pålar til det som skal bli Teinevikjo. Totalt snakkar me om over 100 nye sentrumshusvære til fleire hundre millionar kroner.

Stord kommune er ein stor utbyggjar. Om nokre månader står den store, flotte ungdomsskulen på Vikahaugane klar til innflytting. Då er det rett i gang med ny ungdomsskule og fleirbrukshall på Nysæter. Kven som får jobben her veit me ikkje, men det er gledeleg å konstatera at lokale arkitektar, Jo Kjetil Nielsen og Abo Plan & Arkitektur, er blant dei fem som er plukka ut til å teikna utkast til prosjektet.

Jubel var det også i Engelsen-konsernet denne veka, då det vart klart at Engelsen Bygg AS stakk av med den neste storjobben i Leirvik sentrum. Alt før jul startar arbeidet med ny sjukeheim i Bandadalskvartalet, ein jobb til 120 millionar kroner. Engelsen Bygg har dei siste åra hatt fleire store, kommunale byggjeprosjekt, mellom anna i Austevoll og på Bømlo.

Også på Heiane byrjar ting å skje att, etter nokre rolege år. Først ut er den svenske varehuskjeda Rusta, som kjem like ved Bohus. På Heiane Vest er Biltema og Haugaland Kraft blant dei prosjekta som er stadfesta. Vabakkjen liknar meir og meir eit moderne handels- og industriområde, og også i Sagvåg skjer det saker og ting. Statens vegvesen bidreg alltid til lokal anleggsverksemd, anten det er vegutbetring eller gang- og sykkelvegar. Me gler oss over utviklinga, og trur at dette berre er starten på mange gode år framover for den lokale bygg- og entreprenørbransjen.

Meld deg på Sunnhordland sitt nyheitsbrev

* indicates required
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut