annonse

Aukande merksemd om lokal mat

Lokal gardsdrift
Lokal gardsdrift: I Sunnhordland sist fredag kunne du lesa om Kristoffer Dalen på Fitjar som satsar stort på mjølkeproduksjon. (Foto: Marius Knutsen)

  • Leiar

FOR OSS ER frukost noko sjølvsagt. Slik er det ikkje for alle. I dag er det verdas matvaredag. Dagen blir markert for å setja fokus på mat produsert i jordbruket og utrydding av svolt. FN reknar med at eit av ni menneske i verda er underernært. Over tre millionar born døyr årleg på grunn av dårleg ernæring.

SAMSTUNDES blir 70 prosent av all mat som blir produsert i verda blir laga av familielandbruket, det vil seie gardseiningar tufta på arbeidskrafta til familiemedlemmene. Kirkens Nødhjelp laga i 2012 ein rapport som slår fast at verda produserer nok mat til 12 milliardar menneske. Likevel svelt 900 millionar, fordi dei ikkje har pengar. Kirkens Nødhjelp meiner dei rike landa må leggja om til eit meir langsamt og miljøvennleg landbruk, og sleppa dei fattige landa til med varene sine på verdsmarknaden.

I NORGE HAR det dei siste åra vore ein sterk trend med å leggja ned gardsbruk. Tal frå SSB viser at i løpet av dei siste ti åra har det blitt over ti tusen færre gardar i landet. Lokalt er utviklinga synleg med tilgroing, forfalne driftsbygningar og fråflytta gardar.

I DETTE LYSET, er det ein glede å sjå at det er aukande engasjement og merksemd rundt lokal produksjon av mat. På Lønning har ein gjeng gått i saman om andelslandbruk, og sist helg blei øl- og matfestivalen «Herifra» ein stor suksess. I fredagsavisa kunne me også lesa om Kristoffer Dalen som satsar stort på mjølkeproduksjon. Sjølv om sistnemnde satsar i stor målestokk lokalt, er det ingen tvil om at det er lite i forhold til dei store produsentane lengre sør i Europa.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut