annonse

Auke i varehandelen

Kjøpelyst
Kjøpelyst: Heiane storsenter er det største senteret i regionen. Her frå «Black Friday» for eit par år sidan. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Leiar

Heiane er det største handelssenteret i regionen, med ein omsetnad på 856 millionar kroner i 2016, medan Leirvik som handelssenter omsette for 667 millionar. Auken for Heiane vart i fjor rekna til 2,5 prosent, auken på Leirvik var 3,3 prosent. Total omsetnad for varehandelen i Stord kommune var 1,7 mrd. kroner i 2016. Samla vart det vekst i fjor, trass i at året var eit vanskeleg år for lokalt næringsliv og sysselsetjing.

Fredag vart Varehandelsrapporten for Sunnhordland presentert, i regi av Stord Næringsråd og Sparebank1 SR-Bank. Når finansnæringa seier varehandel, meiner dei omsetnad av daglegvarer, sport og spel, internett, byggjevarer, møblar og elektro, klede og sko og litt «utvalshandel». Bil, båt, bensin, restaurantbesøk og polvarer er ikkje med i tala i Varehandelsrapporten for Sunnhordland.

Totalt omset varehandelen i Norge for over 400 milliardar kroner, medan oljebasert næring tener om lag 160 milliardar. Det er ein bransje med jamn omsetning, men ein tøff bransje med hard tevling. Og trenden viser at forbrukarane no går meir rett på rett produkt enn tidlegare – då me gjekk meir på leit og gjorde innkjøp på impuls. Sportsbransjen har vore flinkast til å skapa behov me tidlegare ikkje hadde.

Rapporten slår fast at Stord har varehandelsoverskot – noko som stadfestar at «lekkasjen» ut av kommunen er langt mindre enn handelen med kundar frå nærliggjande kommunar. Om lag 1.000 personar er tilsette i varehandelsbransjen i Stord. Dette viser kor viktig bransjen er for sysselsetjing og skatteinntekter, og gjev oss nok ein gong eit høve til å oppmoda folk om å handla lokalt.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut