annonse

«Bør friska opp eigne valløfter»

Ordførar
Ordførar: Me reknar at det blir ein debatt om skulefritidsordninga og prisar i handsaminga av budsjett, og at ordføraren har friska opp eigne valløfter, skriv Sunnhordland på leiarplass. (Foto: Marius Knutsen)

  • Leiar

2.952 kroner i månaden. Det er prisen for full plass for eitt barn på SFO på Stord. Har du to born kan du dobla prisen. Skal borna ha tilbod i alle feriane må du plussa på 6.802 kroner i året. Øivind Johnsen, som me har intervjua i dag, er ein av dei som spør kvifor SFO både er dyrare og dårlegare på Stord, enn på andre stader.

I 2014 måtte SFO-ordninga på Stord ut på pengejakt etter underskot. Kommunane kan krevja kostnadene knytt til SFO dekt gjennom foreldrebetaling, og Stord kommune vedtok våren 2015 at SFO på Stord fullt ut skal finansierast på denne måten. Vedtaket blei gjort mot stemmene til Ap og SV. Som kjent overtok Ap ordføraren i Stord etter valet hausten 2015.

Oversikta som me presenterer i dagens avis viser at Stord kommune sitt tilbod ligg høgt på pris. I tillegg er det ikkje rabattordning for søsken, som fleire kommunar har. Dermed vil familiar med fleire born, og som ikkje har nettverk rundt seg som kan brukast til barnepass, få ei høg månadsvis utgift for å sikra trygge forhold for borna etter skuletid.

Stord Arbeidarparti har programfesta at dei ønskjer at SFO-prisen skal følgja dei nasjonale barnehagesatsane. I 2017 er satsen 2.730 kroner per månad, med 30 prosent moderasjon for 2. barn, og 50 prosent for tredje. I dei nasjonale satsane ligg det også at ingen skal betala meir enn seks prosent av inntekta si til barnehagen. Sistnemnde er ordninga som Ap-styrte Bergen no vil innføra for si SFO.

– I utgangspunktet ser det ut til at me må kutta, i staden for å auka budsjettet. Difor kan det bli vanskeleg å gjera noko med SFO-tilbodet, men me skal sjølvsagt ta det med i vurderinga, seier Stord-ordførar Gaute Epland i dagens avis. Me reknar at det blir ein debatt om skulefritidsordninga og prisar i handsaminga av budsjett, og at ordføraren har friska opp eigne valløfter.

Meld deg på Sunnhordland sitt nyheitsbrev

* indicates required
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut