annonse

«Bør setja seg ned og snakka saman»

Usemje
Usemje: Ordførane Gaute Epland på Stord og Peder Sjo Slettebø bør kanskje røykja ei lita fredspipe, oppmodar Sunnhordland på leiarplass. (Foto: Arkiv)

  • Leiar

Sist veke møttest Samarbeidsrådet for Sunnhordland for å drøfta framtida til Sunnhordland tingrett. Årsaka er at ein fryktar Domstoladministrasjonen (DA) nok ein gong vil komma med forslag om å leggja ned Sunnhordland tingrett når sorenskrivar Knut Gramstad går av med pensjon om eitt års tid. Det er ikkje meir enn fire år sidan førre slaget om vår lokale tingrett stod. Hausten 2014 bestemte DA at Sunnhordland tingrett skulle halda fram som han har gjort sidan 1862.

Her har lokale politikarar, fylkeskommunen og Samarbeidsrådet for Sunnhordland gjort ein kjempejobb. Dette viser at også Sunnhordland-regionen kan bli høyrde i hovudstaden i saker der me står saman, skreiv Sunnhordland på leiarplass då vedtaket var gjort. No går det mot nye rundar i denne saka, men denne gongen står ikkje regionen samla lenger. Det kan vera det som gjer at tingretten glepp.

Samarbeidsrådet meiner at ei samlokalisering av Sunnhordland tingrett og Haugaland og Sunnhordland jordskifterett, med eiga lokal leiing på Stord, er ei framtidsretta løysing. Men Kvinnherad kommune, med ordførar Peder Sjo Slettebø i spissen, har sett seg kraftig på bakbeina, og vil ikkje vera med på eit slikt vedtak. Kvinnherad kommune vil heller at Sunnhordland tingrett blir slått saman med Hardanger tingrett og lagt til Husnes.

Kjemien mellom Stord og Kvinnherad har vorte stadig dårlegare dei siste åra, mykje grunna debatten om ferjesamband. Me treng eit samla Sunnhordland, no når me blir endå meir utkant i ein ny region. Kan hende Kvinnherad og Stord bør setja seg ned og snakka saman, og kanskje røykja ei lita fredspipe?

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut