annonse

Bransjen sit med nøkkelen

Bocciafest
Bocciafest: Det er utelivsbransjen som sjølv sit med nøkkelen til suksess, skriv Sunnhordland på leiarplass. Biletet er frå Bocciafest, som trekte fleire hundre personar til Osvald i helga. (Foto: Anders Totland)

I dag skriv Sunnhordland om stoda i restaurant- og utebransjen på Stord. Fleire av utestadane kan rapportera om positive tal i 2016-rekneskapane, medan det var eit vanskeleg år for både Osvald, Brygga 11 og Frugård, som alle måtte tola underskot. Årsaka var rett og slett færre gjester og lågare omsetnad. Dels kan det ha samanheng med at 2016 var eit vanskeleg år på Stord med høg arbeidsløyse og generelt laber stemning. Då er det lett å la vera å eta og drikka ute. 

Trass i at tala for fleire var knallraude i fjor, seier både Frugård, Osvald og Brygga 11 at dei ser lysare på situasjonen framover. Geir Skeie, som starta opp Brygga 11 i 2012 med GSE Sandvik i ryggen, seier uansett at det finst ei grense for kor lenge dei kan driva med underskot. Og at stordabuen må visa at dei ønskjer å ha eit slikt tilbod på Leirvik, elles vert det borte. Sunnhordland har tidlegare skrive, og skriv det gjerne igjen. Ønskjer ein å ha eit rikt tilbod av utestader og restaurantar, er det viktig at folk brukar dei.

Men sjølv i gode år på Stord viser rekneskapstala at det å driva i denne bransjen ikkje er noko ein kan verta rik av. Difor er det grunn til å lovprisa dei som både vågar, satsar, og legg ned både pengar og eigeninnsats i å halda oppe eit tilbod for folk. Det gjer at Stord og Leirvik kan vera ein stad med stort mangfald av stader å bruka på kveldstid. Om det berre hadde vore botnlinja som styrte, ville mange ha kasta inn handkledet for lengst.

Samstundes nyttar det lite at Sunnhordland oppmodar folk til å gå ut. Det er bransjen sjølv som sit med nøkkelen. Her gjeld det både å utvikla konsept som folk vil ha, treffa målgrupper ein tidlegare ikkje har nådd, ha konkurransedyktige prisar, og framfor alt, levera service og god mat kvar einaste gong. I eit samfunn der alt kan delast og vurderast på sekund, blir det fort dyrt å feila.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut