annonse

Bruk røysteretten!

Røyst!
Røyst!: Gjer som Merete og Kjetil Solberg – gå til røystelokalet og stem, oppmodar Sunnhordland på leiarplass. (Foto: Marius Knutsen)

  • Leiar

I dag er det stortingsval. Valkampen har prega norske medier dei siste vekene, anten ein snakkar om radio, tv, riks- eller lokalpresse. Mykje er sagt og gjort, og mange meiner denne valkampen har vore tidenes verste: Med fokus på «norske verdiar» og kva andre gjer gale, i staden for å fokusera på eigen politikk.

Det er først og fremst i samband med kommunevalet at me i lokalpressa verkeleg føler oss heime, men det betyr ikkje at stortingsvalet er mindre viktig. Heller tvert om. Det er på Stortinget og i hovudstaden at føringane vert lagt, også kva som skjer lokalt rundt om i kommunane. Av lokale kandidatar har me tre toppkandidatar, som alle er sikra plass neste periode: Knut Arild Hareide (KrF), Magne Rommetveit (Ap) og Helge André Njåstad (FrP). Det store spenningsmomentet frå vår region sin ståstad er om Høgre vil gjera det så godt at også Liv Kari Eskeland (H) kan pakka kofferten og dra til Løvebakken.

Rikspolitikarar har dei siste vekene stått i kø for å vitja regionen, «alle» skal vera mest mogeleg synlege i media, og det er lange køar av lesarbrev. Pågangen er enorm, og det er ikkje alltid like lett å navigera i denne jungelen, og behandla alle likt. Likevel trur me at me har komme sånn nokolunde ut av det, og bidrege til at lesarane kan danna seg eit bilete av kva dei enkelte partia står for. Debattmøtet i lag med Bømlo-nytt for to veker sidan vart ein suksess, som vonleg hjelpte nokre tvilarar til å ta eit val.

Uansett kva ein måtte meina om valkampen, og kva dei enkelte parti og politikarar har sagt og gjort: I dag er den store dagen. Det er i dag det blir avgjort kven som skal styra landet dei neste fire åra, og kva retning me går i. Difor vil me oppmoda alle om å bruka stemmeretten sin. Godt val!

Valet direkte:

 
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut