annonse

Dette blir tøft

Stramt budsjett
Stramt budsjett: Rådmannen si kuttliste er lang, og går direkte ut over fleire tilbod til innbyggjarane. (Foto: Hilde Vormedal Nybø / arkiv)

  • Leiar

KARAKTERISTIKKEN «Eit stramt budsjett» er så sliten at den knapt gjer meining. Men det er ingen tvil om at rådmann Magnus Mjør kan bruka orda med rette om forslaget til budsjett og økonomiplan han la fram torsdag. Her er det omfattande kutt: Barnehagar skal leggjast ned og slåast i saman. Borte er jobbtilbodet til rusmisbrukar. Løyvingane til fritidsklubbane er strokne. Hamna kontaktsenter sit ribba tilbake. Stord maritime museum kan sjå langt etter støtta, og Sunnhordland museum får berre ein brøkdel av det ein ønskte seg.

RÅDMANNEN sitt utgangspunkt før statsbudsjettet blei lagt fram var å trekkja dagens drift ned med 40 millionar kroner dersom ein skal halda på prinsippet om å ikkje bruka eigedomsskatten. No har talet enda på 34 millionar. Det er framleis mykje. Sjølv om det også har vore høge tal tidlegare, er det no ein kommune som har vore på ein årelang Robek-kur som skal gåast i saumane.

EIN DEL av sparetiltaka rådmannen har funne gjev også rett nok ein kortsiktig gevinst, men dei kan raskt føra til auka utgifter på andre budsjettpostar. Me meiner ein del av forslaga i kutt innan psykiatri, rus og ungdomsarbeid utan tvil høyrer til denne kategorien.

RÅDMANNEN HAR også kika med lupa i eigen organisasjon, og peiker på betalt lunsjpause for kontortilsette i kommunen. Den saka er etter vårt syn overmoden. Dersom formelle krav gjer at det kan vera vanskeleg å innføra, er det ingen tvil om at ein bør innføra ubetalt lunsj for nytilsette umiddelbart.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut