annonse

«Dette vil me ha kvar haust»

Stemning
Stemning: Festivalen Herifrå blei godt besøkt fredag og laurdag sist helg. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Leiar

Fredag og laurdag var det duka for den aller første øl- og matfestivalen, Herifrå, med fokus på lokal og kortreist mat og drikke. Gode krefter hadde gått saman og arrangerte det første i sitt slag i Sunnhordland. Inni det store teltet på Nattrutekaien var det rundt 25 matprodusentar frå Stord, Fitjar, Bømlo, Tysnes, Austevoll, Etne og Sveio, og om bord på MS «Sunnhordland» fekk seks lokalbryggjeri frå Skudeneshavn i sør til Bergen i nord høve til å visa fram sine produkt.

Og for ein suksess dei blei! Etter ein roleg fredagskveld, som var grei som oppvarming, tok det heilt av på laurdag. Det var kø utanfor festivalteltet frå klokka 11.30 til 14.30, og også utover ettermiddagen og kvelden var det godt besøk. Folk i alle aldrar såg ut til å kosa seg, og omkvedet var: Dette var eit godt tiltak og kjekt arrangement.

Også elles i sentrum var det høg aktivitet, då lokalt næringsliv sytte for å gjera litt ekstra ut av dagen. Rett nok kan ein alltid takka vêrgudane for om eit arrangement på Vestlandet blir bra eller ikkje, men uansett vêr og vind: Dette såg ut til å slå godt an blant publikum.

Kor mange tusen som var innom er usikkert, men det er ingen tvil om at Herifrå er komme for å bli. All ros til arrangørane – Matfatet Sunnhordland/Samarbeidsrådet for Sunnhordland og Venelaget for MS «Sunnhordland», som sytte for eit nærast prikkfritt arrangement. Nokre få justeringar kan ein alltid ta, og det vil nok bli gjort etter at evalueringa er over, men me sluttar oss til omkvedet blant publikum: Dette var kjekt, og noko me vil ha kvar haust.

Meld deg på Sunnhordland sitt nyheitsbrev

* indicates required
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut