annonse

Digital læring i praksis

SAGVÅG SKULE har teke i bruk quiz-programmet «Kahoot!» i opplæringa, noko både elevar, lærarar og rektor Lars Bakka tykkjer er positivt. Kahoot! er ei gratisteneste på nett, der lærarane sjølv kan leggja inn lokale spørsmål, som elevane svarar på ved ein PC eller lesebrett på pulten sin.
 
 
SAME DAG som artikkelen om quiz i skuletida stod på trykk, var det eit debattinnlegg frå studieleiar/førstelektor Jostein Tvedte ved Høgskolen Stord/Haugesund, som meiner rett bruk av digitale verktøy er heilt naudsynt læring i vår tid, og han meiner lærarutdaninga og norske skular bør liggja i front på verdsbasis. Her ligg vår lokale høgskule definitivt i front, og Sagvåg skule er eit godt døme på slik digital læring ute i praksis blant «fotfolket» i klasseromma.
 
 
HSH har heilt sidan 1983 drive vidareutdanning for lærarar på dette feltet. Dette fagmiljøet har lege heilt i front når det gjeld pedagogisk bruk av IKT, både nasjonalt og internasjonalt. Samarbeid med land i Norden og i EU har gjeve miljøet naudsynt tyngde og kvalitet. Fleire av dei tilsette har doktorgrad på dette feltet. Etter meir enn 30 år med utvikling og forsking, framstår HSH som ein av dei høgskulane i Norge med høgast kompetanse på dette viktige fagfeltet. Imponerande.
 
 
FOR DET er ikkje til å stikka under stol at digitalt verktøy i undervisninga er noko som vert heftig debattert i skulemiljø rundt omkring, og diskusjonen går på om IKT i læring fremjar eller står i vegen for læring. Svaret er vel så enkelt at brukar ein verktøyet rett, så er det bra, men brukar ein det feil er det ikkje bra. Sagvåg skule er eit godt døme på korleis ein kan bruka digitale verktøy på ein god måte.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut