annonse

Ei ferje for folket

Treig
Treig: Dagens ferjeflåte er ikkje god nok, meiner Sunnhordland. (Foto: Anders Totland)

  • Leiar

Heilt sidan ferjestøet på Leirvik vart lagt ned rundt tusenårsskiftet, og Skjersholmane vart mellombels ferjekai for dei som skal med bil mellom Stord og Kvinnherad, har det vore jobba med å korta ned ferjesambandet mellom dei to mest folkerike kommunane i Sunnhordland. Utan hell. Sanninga er at sambandet aldri har vore dårlegare enn i dag, med gamle, nærast utrangerte ferjer, som går i sniglefart, og som har dårleg tilbod om bord.

Tanken om at ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad skal kortast ned er ikkje lagt på is, sjølv om det til tider kan synast slik. Til våren skal planprogram for innkorta ferjesamband leggjast fram. Programmet, inkludert vurdering av framtidige ferjestader, er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Stord og Kvinnherad kommunar, og ei innkorting av sambandet er ei prioritert regional oppgåve.

Men som skot ifrå hofta kom det ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune denne veka: No skal visst alle innbyggjarane få vera med å bestemma kvar ferja skal gå. Ved å klikka seg inn på eit kart, kan kvar og ein plotta inn kor dei vil ha eit framtidig ferjestø. Det er flott at me lever i eitt av verdas beste demokrati, men dette verkar til å vera ein noko overdriven demokratisk måte å gå fram på.

Alle er samde om at dagens tilbod ikkje er godt nok. For 30–40 år sidan tok ferja mellom Halhjem og Sandvikvåg 70 minutt. I dag tek same ferjeturen 40 minutt. Å setja inn snøggferjer som går i 20 knop, og som finst tilgjengeleg, kan vera ein grei start. Iallfall medan me ventar på noko som truleg vil ta minst ti år til.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut