annonse

Ei fjør i hatten for Wärtsilä

Glede
Glede: God stemning hos Wärtsilä tysdag ettermiddag. (Foto: Marius Knutsen)

  • Leiar

Banebrytande ny teknologi gjer at Wärtsilä på Stord har sikra sin største kontrakt nokosinne. Wärtsilä og Teekay har utvikla eit nytt konsept for skytteltankarar. Konseptet tilbyr eit heilt nytt nivå av miljøvennlege og økonomiske løysningar for denne type skip, tufta på ny og innovativ bruk av teknologi, skriv Wärtsilä i ei pressemelding.

Teekay, verdas største leverandør av skytteltankartenester, har kontrahert fire fartøy av denne nye generasjonen bøyelastarar. Skipa skal byggjast av Samsung Heavy Industries i Sør-Korea. Dei vil innehalde eit bredt spekter av Wärtsilä sine siste teknologiske innovasjonar, som alle er heilt sentrale for konseptet sine samla forbetringar. Kontraktane med Wärtsilä har ein samla verdi på over 110 millionar euro, noko som tilsvarar 1,1 milliardar kroner.

Les også: Så glade er dei i Wärtsilä

Dette gjer at den lokale oppturen i næringslivet held fram, og dette var verkeleg ei vitamininnsprøyting for Wärtsilä, som har fått føla konjunkturnedgangen dei siste åra på kroppen. Etter at dei flytta inn i nytt bygg på Heiane, og bygde testsenter, har pilene stort sett peika nedover, med sal av testavdeling og nedbemanning. Men no kan dei tilsette endeleg slappa meir av og sjå lyst på framtida.

Kjell Storelid: – Fantastisk stort!

Det som gjer ein slik kontrakt ekstra kjekk, i tillegg til verdien og sikring av arbeidsplassar, er at Wärtsilä viser at dei er blant dei fremste i verda på miljøteknologi. Her snakkar me om eit nytt unikt konsept utvikla i elektro- og automasjonsmiljøet på Heiane – i nært samarbeid med Teekay sitt avdelingskontor i Stavanger. Dette gjer at verksemda har alle føresetnader for å lukkast i åra som kjem.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut