annonse

Ei glitrande storstove

Vinnaren
Vinnaren: Slik vil nye Nysæter ungdomsskule sjå ut. (Foto: VIS-A-VIS)

  • Leiar

Politikarar, skulerepresentantar og idrettsfolk var begeistra då det onsdag blei offentleggjort at VIS-A-VIS er vinnar av konkurransen om å forma ut ny ungdomsskule med fleirbrukshall i Sagvåg. «Du glitrende» har arkitektane kalla forslaget sitt, som var eitt av dei mest kompakte forslaga i konkurransen. Juryen viser mellom anna til at arkitektane har funne ei veldig god tilknyting mellom ungdomsskulen og kulturdelen, og knyter kulturdelen opp mot idrettshallen med eit idrettsamfi til golvet i idrettshallen.

Då kommunestyret gjorde vedtak om utbygging av den nye ungdomsskulen for eit snautt år sidan, var gleda over den nye skulen for mange i bygda overskugga over skuffinga av at politikarane vende tommelen ned for den store multihallen til hallkomiteen. Mange meinte at det då ikkje ville vera rom til klatrevegg, blackbox-teater, scene, øvingslokale til musikklag, i tillegg til treningskapasitet. Alt dette har arkitektane funne plass til. Dette trass i at heile bygget er på 7.012 kvadratmeter. Det er mindre enn den skisserte multihallen, som var på 7.425 kvadratmeter.

Eg har tru på at «Du glitrende», med litt tilarbeiding, kan bli ein optimal skule, seier Nysæter-rektor Anne Beate Sunde i dagens avis. I tillegg til å vera rektor, bur ho i bygda, og legg stor vekt på funksjonane skulen skal ha som idrettshall og storstove. Me er einige med rektoren. Me trur det var ei rett avgjerd å satsa på eit kompakt og fleksibelt prosjekt. Skulen og fleirbrukshallen, som arkitektane har skissert, blir eit unikt konsept på Stord, og me gler oss til å sjå prosjektet bli ein realitet. Gratulerer, Sagvåg!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut