annonse

Ei skikkeleg nøtt

Mobiliserer
Mobiliserer: Føresette av elevar på Langeland er fortvila over situasjonen Stord kommune har hamna i. (Foto: Kjetil Østrem / arkiv)

  • Leiar

I dagens avis står eit lesarbrev frå fortvila foreldre som risikerer å måtte senda ungane sine til Tjødnalio skule. Langeland skule er overfylt og det er ikkje plass til fleire elevar der. Ikkje berre må dei senda ungane sine til ein annan skule, dei må også senda dei vekk til ein skule som ligg lenger vekke enn det skulen som ligg nest lengst vekke gjer, nemleg Leirvik skule. Og medan Tjødnalio skule soknar til Nysæter ungdomsskule, skal desse elevane på sikt gå på Stord ungdomsskule.

Foreldra viser til fleire punkt i administrasjonen si utgreiing om endring av skulekrinsgrenser som dei hevdar strir mot intensjonane i Opplæringslova. Me går ikkje inn i den problemstillinga her, men påstandane og dokumentasjonen i lesarbrevet kan tyda på at kommunen nok bør gå ein runde til på ein del punkt. Uansett kva lova seier: Me har stor forståing for at foreldre lengst sør i kommunen ikkje ønskjer å senda borna sine til ein skule som ligg over fem kilometer vekke, når det finst to skular som ligg nærmare.

Som foreldra peikar på: Heile problemstillinga er ein konsekvens av at Stord kommune har tillate stor utbygging i Hornelandsvågen-området dei siste åra, utan å ha planar for kva ein gjer med skulekapasiteten. Også her er det lett å vera samd, og dette har ikkje berre skjedd innan skulesektoren. Det var til dømes først etter at ein unge måtte hoppa over autovernet og hamna nedi eit hol at det vart fortgang i planane om gang- og sykkelveg mellom Heiane og Hornelandsvågen.

Stord kommune har eit stort dilemma, som må løysast. Venstre har komme med eit forslag om å nytta modulbygg på ei kommunal tomt i området. Det er eit godt forslag, men neppe haldbart på lang sikt. Difor er det kanskje verdt å børsta støva av tilbodet om at private aktørar fører opp ein ny skule på Hatland. Rett og slett fordi ein ikkje har noko anna val.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut