annonse

Ei tradisjonsrik jul

Tradisjon
Tradisjon: Kyrkjene brukar å vera fylt opp med publikum før jul. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

  • Leiar

No går me inn i ei av årets lengste langhelgar, i og med at julaftan i år fell på ein søndag. Det betyr raude dagar heilt til og med tysdag, og for dei som har ferie att, kan dei gå over ei veke med ferie i møte.

God mat og drikke har vore viktig i julefeiringa her i landet i over tusen år, men mange av juletradisjonane våre er ikkje så gamle som folk kanskje trur. Men tradisjonane forandrar seg også. Noko har blitt borte. Andre ting har blitt lagt til. For folk flest er det slutt på heimeslakting, ølbrygging, lysstøyping og nedvasking av huset, men julemåltidet står fast. Feitt og alkohol er noko av det som framleis heng att, etter at det heilt frå heidensk tid var vanleg med brygging og feite måltid til jul.

Men mykje av det me dag oppfattar som norske juletradisjonar kom først på 1800-talet. Det gjeld både juletre, julegåver, julekaker og julepynt. Frå slutten av 1800-talet vert jula meir materialisert, og i dag er det mange som meiner det er altfor materialistisk og kommersielt. Men sanninga er at julehandelen har stabilisert seg dei siste åra, etter ein topp i 2011.

Kva familie har sin tradisjon, og noko av det mest tradisjonelle er kva ein serverer julekvelden. Dei fleste på våre kantar tyr til pinnekjøt, men det vert nok også servert både ribbe, torsk, kalkun – og Grandiosa pizza rundt om i heimane.

Uansett kva tradisjon ein har, vonar me alle får ei flott jul. Bruk helga fornuftig, slapp av, ta vare på kvarandre, gå på besøk, spel brettspel, les ei bok, høyr musikk, gå i kyrkja – gjer det du sjølv føler for! Me vil med dette ynskja alle våre lesarar ei god og fredfull jul.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut