annonse

«Ei utfordring som ein bør ta på alvor»

Reagerer
Reagerer: I måndagsavisa denne veka gav Karoline Eldøy tydeleg uttrykk for kva ho meiner om at få kvinner har toppjobbar. (Foto: Faksimile, Sunnhordland)

  • Leiar

Norge har ein svært kjønnsdelt arbeidsmarknad, ifølgje tal frå SSB. Lønsforskjellane er minst i Finnmark, medan likestillinga er størst i Oslo og Akershus. Rapporten frå Statistisk sentralbyrå er basert på målingar av 12 ulike indikatorar for kjønnslikestilling i arbeidsmarknaden. Det er ikkje overraskande at det er Oslo og Akershus som scorar høgast. I byane er det mange fleire som jobbar i yrke og næringar der det er stor grad av kjønnsbalanse, der inntekta er likare, det er fleire kvinnelege leiarar og færre kvinner som jobbar deltid.

På Vestlandet er kjønnsforskjellen særleg stor i offentleg sektor. Medan mange menn jobbar i oljerelatert industri, er offentleg sektor er meir dominert av kvinner. Flest kvinnelege leiarar finn me i Oslo og Akershus, der rundt fire av ti leiarar er kvinner. Landsgjennomsnittet er 35 prosent, medan dei fleste kommunane lokalt ligg under landsgjennomsnittet.

Det som kanskje overraskar mest, er det den mest folkerike kommunen i Sunnhordland, Stord, som også er einaste byen og har regionsenterfunksjon, hamnar på botnplass når det gjeld talet på kvinnelege leiarar i Sunnhordland. Ser ein på Hordaland og landet under eitt, plasserer også Stord seg faretrugande langt nede på lista.

Kva som er årsaka til dette kjem ikkje fram av undersøkinga, men fleire av dei som vart intervjua om saka denne veka, peikar på at det gjerne er slik at sjefar rekrutterer sjefar som er nokså like dei sjølv, og at slik tradisjonell tankegang gjer at ein kan gå glipp av dei beste ressursane. Akkurat det er me samde i, og her har privat og offentleg næringsliv, lag og organisasjonar, ei stor utfordring, som ein bør ta på alvor.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut