annonse

Ei viktig markering

POSITIV
POSITIV: Monica Kristensen Landa (t.v.) og kona Anita Kristensen, då dei medverka i reportasjeserien #utavskapet i 2016. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

  • Leiar

Laurdag 15. september er det duka for Storapride 2018. Det er Stord Sosialistisk Ungdom som har teke initiativet til markeringa, sterkt inspirert av Bygdepride som fann stad tidlegare i år. Arrangementet som Ørsta/Volda Pride stod bak vart ein kjempesuksess, og har gjort at ein vil forsøkja få til noko liknande på Stord. Også i Haugesund vart det for nokre veker sidan arrangert pride for første gong. Her deltok over 1.000 personar.

Under Storapride vert det parade i den faste løypa som 17. mai-toget vanlegvis går, før det vert «open dag» på torget med ulike standar og aktivitetar. Tema for dagen vert «familie», som har vore tema på Pride over heile landet i 2018. Stord SU melder at arrangementet er for alle som støttar homofile sine rettar.

I løpet av eitt år er det mange slike arrangement rundt om å bygder og byar, og oppslutnaden er stadig aukande. Det er langt frå alle som likar at det skal arrangerast noko slikt på Stord. Også innan det skeive miljøet er det dei som meiner at Pride fokuserer for mykje på seksuell orientering, og manglar diskresjon, noko dei meiner er øydeleggjande anten for offentleg moral eller homosaka.

I eit ope og tolerant samfunn må det vera lov å meina at homofili er gale, ut frå ein religiøs ståstad. Då er det berre å halda seg heime denne dagen, og ikkje fordømma andre. Det er viktig å visa respekt overfor kvarandre, og skapa eit inkluderande samfunn, uansett rase, kjønn eller seksuell legning. Her har alle eit ansvar. Det er ikkje så mange år sidan dei fleste som var homofile flytta vekk frå Stord, mykje på grunn av fordommar og trakassering. Slik er det ikkje lenger i dag, heldigvis.

#utavskapet: Bortsett frå mamma, var det vel eigentleg ingen som blei overraska, seier Monica Landa

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut