annonse

«Ein frisk og spennande idé»

Vil satsa
Vil satsa: Me håpar formannskapet ser positivt på planane om folkehøgskule på Stord. (Foto: Arkiv)

  • Leiar

Geir Angeltveit har sendt brev til formannskapet i Stord, der han lanserer planar om å starta folkehøgskule på Stord. Eit friskt inn-spel, og ein folkehøgskule vil vera eit flott tilskot til undervisingsmiljøet på Stord, særleg no når det er bestemt at asylmottaket på Litlabø skal leggjast ned.

Norske folkehøgskular er i vinden som aldri før. I fjor haust byrja 7.640 elevar på dei 80 folkehøgskulane som finst i Norge. Det er ein vekst på 2 prosent frå førre skuleår, og tredje året på rad med rekordtal. Stadig fleire elevar seier dei er slitne etter karakterpress på vidare- gåande, og at dei ønskjer seg eit annleis år før vidare studiar. Utan både karakterar og eksamenar evnar folkehøgskulane å gje elev-ane lyst og motivasjonen til å lære vidare.

Bakgrunn: Geir Angeltveit vil etablera folkehøgskule på Stord

Trass i populariteten kom regjeringa for tredje året på rad med forslag om å kutta i støtta til folkehøgskulane i årets statsbudsjett. KrF og Venstre fekk stoppa kuttet. Det går lenge mellom kvar gong nokon startar opp ein folkehøgskule her til lands. Dei siste åtte åra har det blitt starta opp tre stykk, alle i Agder-fylka. Før 2010, var det heile 25 år sidan sist nokon hadde gjort tilsvarande.

Å etablera ein ny folkehøgskule betyr eit langt og krevjande arbeid opp mot Kunnskapsdepartementet. Initiativtakaren håpar på kommunal støtte i form av at kommunen ynskjer å delta i eit interimsstyre, noko som sender eit signal om at kommunen er positiv til ei slik etablering. Difor håpar me at politikarane i formannskapet ser positivt på initiativet.

Les også: Rådmannen positiv til folkehøgskule på Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut