annonse

Ein gard utan sau er ikkje ålreit

Sæbø gard
Sæbø gard: Me håpar Stord kommune kjem på banen og løyver den resterande summen. (Foto: Marius Knutsen)

  • Leiar

Lemminga rundt påsketider er eitt av årets høgdepunkt for Andreas Bergsvåg (29) og dei andre brukarane av tilbodet på Sæbø gard. No risikerer dei å stå utan sauer til våren. Årsaka er at det ikkje er noko tak over hovudet for sauene.

I vår vart det søkt om å riva den eksisterande driftsbygninga på Sæbø gard, og setja opp ein ny. Årsaka var at den gamle løa var i veldig dårleg forfatning. Ein takstrapport frå 2015 slo fast at løa burde rivast, og erstattast av ei ny. Den gamle løa var registrert i SEFRAK-registrert, og eining for kulturtenester meinte difor at ein må setja opp ei ny som er mest mogeleg lik den gamle.

Elevar ved byggfag på Stord vgs. hadde i sine planar at dei skulle byrja bygginga no i haust. Førebels står prosjektet på vent, fordi det blir dyrare enn ein hadde rekna med. Med ei­gne mid­lar, gå­ver og hjelp ifrå kom­mu­nen var 2,5 mil­li­o­nar kroner på plass. No viser det seg at prisen blir 3,3 millionar kroner, grunna høgare materialkostnader enn venta. Dermed står prosjekt i fare, og ein risikerer å stå utan sauer til vinteren.

Det er i så fall eit stort tap. Trivsel og velferd for arbeidarane vil bli kraftig redusert. Beita vil ikkje bli haldne, graset blir kanskje ikkje slått og kulturlandskapet vil forfalle. Sæbø gard vil tape verdi som rekreasjonsområde. Ein må jo spørja seg korleis ein kan setja opp eit budsjett som bommar så grovt. Det bør kanskje politikarane sjekka nærare i. Det blir ikkje så lett å samla inn 800.000 kroner i frivillige gåver. Difor håpar me at Stord kommune kjem på banen og løyver den resterande summen. Ein gard utan løe og sauer er ikkje noko særleg til gard.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut