annonse

«Ein kort biltur, så er ein i skiterreng»

Eventyr
Eventyr: Det var fantastiske forhold på Stordafjellet sist helg. Her frå Kom deg ut-dagen søndag. (Foto: Ingvild Eide)

  • Leiar

Søndag var det Kom deg ut-dagen, ein utedag med aktivitetar arrangert to gonger i året. Og for ein suksess det vart: Snø og sol er den perfekte kombinasjonen, og sjeldan har me sett så mange folk i alle aldrar på Lundarstøl. Alle like blide og nøgde. Ein gedigen suksess.

Det som var litt spesielt denne gongen var at aktivitetsdagen også var ei markering av gebursdagen til Den Norske Turistforening (DNT), som søndag fylte 150 år. Feiringa starta på 140 slike utearrangement rundt om i landet søndag og skal vera eit heilt år. Sidan 1868 har DNT vore ein forkjempar for det enkle friluftslivet. Den same rette-snora gjeld den dag i dag. Og i og med at 2018 er eit jubileumsår, er det som skreddarsydd for å komme seg opp av sofaen og ut i skogen.

Vårt ønske for jubileumsåret er at endå fleire blir med på å skape gode opplevingar i den fantastiske naturen me har rundt oss, anten som medlem, deltakar på våre turar, frivillig eller ved å bidra til å halde naturen slik me ønsker han: Rein og vakker, seier generalsekretær Nils Øveraas til Nynorsk Pressekontor.

I onsdagsavisa denne veka har me temasider som handlar om vintereventyret, og her kan du oppdatera deg på stoda på høgfjellet. For ofte er det dit me dreg, me sunnhordlendingar, når me skal på ski. Men kva er vel vakrare enn når snøen legg seg i vakre Stordafjellet, og det berre er ein kort biltur, så er ein i skiterreng? No har diverre regnet komme tilbake, og det er slutt på vinteren for denne gong. I mellomtida kan me tenkja tilbake på den nydelege søndagen, og samstundes ønskja DNT hjarteleg til lukke med 150-årsjubileet.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut