annonse

Ein merkeleg protest

Vil utvida
Vil utvida: Slik ser Biltema for seg den nye butikken på Heiane vest. (Foto: Biltema)

  • Leiar

FYLKESMANNEN i Hordaland protesterer mot etablering av ny Biltema-butikk på Heiane Vest. Staten sin arm i fylket meiner at Biltema si verksemd er detaljhandel, ikkje plasskrevjande handel. Det til trass for at verksemda sjølv har satsa hardare på byggevarar og fått godkjent endring av næringskoden sin hos Statistisk sentralbyrå.

DEN NYE Biltema-butikken er planlagt som fullsortiment butikk med 19.000 varelinjer, mot dagens 6.000. Det krev meir areal, og ein handelsanalyse som verksemda har fått laga viser at Heiane Vest er einaste staden det finst ledig tomt til å byggja. Fylkesmannen argumenterer likevel for at ein må bygga i høgda. Det er dagens bygg ikkje dimensjonert for. For den som har vore på Heiane, er det rimeleg klart at ein fullsortiment Biltema-butikk vil ha store problem knytt til parkering og varelevering.

BILTEMA har dei siste åra hatt ein offensiv utbygging av nye varehus. For kjeda er det ikkje noko nytt med protestar frå Fylkesmannen. Det som er spesielt i denne saka er at tomta på Heiane Vest synest å vera regulert til det formålet som ho er tenkt brukt til. Dette har fått Stord-ordførar Gaute Epland og rådmann Magnus Mjør til å engasjera seg. Kommunetoppane peiker på at utbygginga av Heiane har skjedd i samsvar med gjeldande planverk og gjennom omfattande prosessar, og at Fylkesmannen med sitt skriv vil oppheva ein ny reguleringsplan.

STORD kommune oppmodar Hordaland fylkeskommune, som skal fatta vedtak i saka, om å gje samtykke til etableringa. Det er me einige i. Ein ny og større Biltema-butikk er totalt sett positivt for handelen for Stord. Det er på høg tid at ein kjem i gang med fleire etableringar på Heiane Vest.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut
Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut