annonse

Ein mobilfri skule

Ny regel
Ny regel: – Det er litt dumt, eg synest ikkje det har vore noko problem å ha telefonane på skulen, seier Malene Særsten Alvsaker (14, t.v.). Her med Lise Hatlevik. (Foto: Anita Haugland)

  • Leiar

I desse dagar held dei på med innflytting i ny ungdomsskule på Vikahaugane. Elevane har heimejobbing denne veka, måndag er det fridag, og tysdag møter alle elevane opp i flunkande ny og moderne skule. Ikkje berre er skulen ny. Nytt er også innføringa av mobilforbod. Fram til sommaren skal mobilane leggjast vekk i skuletida.

Det er eit forsøk på å førebyggja mobbing. Tidlegare har det oppstått uheldige episodar på grunn av filming og bilete. Elevane er nok veldig delte i denne avgjerda. Medan nokre mislikar det, er det andre som synest det er greitt. Me har støtte frå FAU til å prøva dette, så får me sjå korleis det fungerer, forklarar rektor Anne Sissel Mugaas.

Eit kjapt nettsøk på mobilfri skule gjev oss følgjande overskrifter: «Mobilfrie skular er bra for alle». «Vil ha krav om mobilfrie skular». «Mindre nettmobbing på mobilfrie skular». Men det er også negative sider ved dette, og fleire åtvarar mot eit slikt forbod, sjølv om mange meiner at mobilforbod fører til meir konsentrerte, merksame og ikkje minst sosiale elevar.

Mobilen er kommen for å bli, både som arbeidsverktøy, leiketøy, datamaskin, og faktisk somme tider som telefon. I dagens samfunn har alle ungdommar mobiltelefon, og dei aller fleste er sterkt avhengige av han. Eit mobilforbod synest å vera strengt, men erfaring andre stader viser at det fungerer rimeleg bra. No får me sjå korleis det blir på Stord ungdomsskule, men dersom eit slikt tiltak gjer at det blir mindre mobbing, så er det lite å diskutera. Då er det eit godt tiltak, som bør bli varig.

Les også: Utdanningsforbundet kritisk til mobilforbod

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut