annonse

Ein smak av vinter

TO I FARTA
TO I FARTA: Kameratane Leon Hamre (7, framme) og Jonathan Sakseid Angeltveit (7, bak) storkosa seg i akebakken på Lundarstøl, sundag. (Foto: )

– På ein slik dag vil me gjerne hylla og takka dei som står på litt ekstra når snøen plutseleg kjem brått på oss, skriv Sunnhordland på leiarplass.

  • Leiar

Måndag morgon vakna me til snø i Sunnhordland, for første gongen sidan i fjor vinter, då me hadde ein lang, stabil og fin vinter. Men som vanleg vara det ikkje lenge denne gongen heller: Etter meir snø utover måndagen og natt til tysdag, slo det over på regn tysdag morgon. Og i dag skal temperaturen stiga ytterlegare, og det skal regna nokså mykje på føremiddagen, om vêrmeldinga frå yr.no stemmer.

Årets første snø er til glede for dei minste, slik me kan lesa om i dagens avis, men skapar problem for andre. Ein skulle kanskje tru at me nordmenn var budde på vinter, men det slår aldri feil: Måndag morgon gjekk trafikken svært sakte, og tysdag morgon var det fleire mindre trafikkuhell, og store trafikale problem. Men det gjekk seg til utover dagen, før det heile enda, som så ofte før, i vått slaps.

LES OGSÅ: Koste seg i akebakken

Dei neste dagane skal det bli kaldare og frysa på, men det er vel ein fare for at ein må til fjells for å oppleva snø. Skigruppa i Stord IL fortener ros for å vera raskt ute med løypemaskinen så snart snøen kjem, men i år måtte me venta lenge. Dei to siste sesongane har dei vore ute og laga løyper alt i november, og som dei fleste hugsar, var det ein lang og flott skisesong i fjor. Men hugs: Skiløypa er for skigåarar, ikkje fotgjengarar.

På ein slik dag vil me gjerne hylla og takka dei som står på litt ekstra når snøen plutseleg kjem brått på oss, på mannskapet som er ute og brøytar vegar og parkeringsplassar, og eldsjeler som i skigruppa som gjer sitt til at me kan få oppleva flotte løyper i kortreist terreng. Så kan me jo kryssa fingrane for at vinteren kan bli litt meir stabil i år også. For vêrgardane er det ingen som kan styra over.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut