annonse

Ein trafikksikker kommune

Trafikksikker
Trafikksikker: Me håpar fleire ser og lærer av Bømlo, og gjev trafikksikringsarbeidet like stor merksemd. (Foto: Nils-Tore Sele / arkiv)

  • Leiar

Bømlo kommune er ein trafikksikker kommune. I sist veke fekk kommunen, med ordførar og rådmann i spissen, det synlege beviset frå Trygg Trafikk og Hordaland fylkeskommune. Trafikksikker kommune-konseptet starta opp i Trygg Trafikk i 2008. Ved utgangen av året er målet å ha 60 godkjende kommunar. Godkjenningsstempelet er ingen garanti mot ulukker eller at alle trafikale utfordringar er løyste. Det er likevel eit kvalitetsstempel for kommunane, som viser at dei jobbar systematisk, heilskapleg og kvalitetsbevisst med trafikksikring,

Dette er ein stor dag for Bømlo. Me er nær 12.000 innbyggjarar og den 9. største kommunen i Hordaland. Me har jobba systematisk med trafikksikring, og var den første kommunen i Hordaland som fekk sin eigen trafikksikringsplan allereie i 1994, som blir brukt som mal i resten av fylket. Innbyggjarane i Bømlo bidreg stort til våre nye og flotte vegar, noko som er eit viktig bidrag mot nullvisjonen om ingen drepne i trafikken. Dette handlar like mykje om haldningar og kultur som fysiske trafikksikringstiltak, uttalte Bømlo-ordførar Odd Harald Hovland då statusen endeleg var i boks.

Sjølv om Norge i år ligg an til å få det lågaste talet på trafikkdrepne på fleire tiår, så er kvar einaste ulukke ei for mykje. Norge ligg i verdstoppen når det gjeld trafikktryggleik, og i mange andre land er trafikkdrepne og -skadde eit alvorleg stort samfunnsproblem som kostar dyrt. Bømlo er den første trafikksikre kommunen i Sunnhordland. Me håpar fleire ser og lærer av Bømlo, og gjev trafikksikringsarbeidet like stor merksemd. Dette er eit viktig arbeid. Kvar einaste meter med trygg veg er med og bergar liv og gjer kvardagen tryggare for oss alle.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut