annonse

Ein viktig tradisjon

Viktig bidrag
Viktig bidrag: I helga kjem Frelsesarmeen sine julegryter fram. (Foto: Arkiv)

  • Leiar

Denne helga blir det julegrantenning og søndag er det første søndag i advent. Me skriv snart desember, og jula nærmar seg. Det er ikkje alle tradisjonar me set like stor pris på når det gjeld jul, men ein av dei aller viktigaste er det Frelsesarmeen som står bak. I morgon kjem julegrytene på plass. Dei står, som vanleg, i Borggata, på Amfi-senteret og på Heiane Storsenter.

Frelsesarmeen si julegryte er ein 118 år lang tradisjon i Norge. For mange byr julegryta på julestemning, men for andre betyr ho også naudsynt hjelp til mat, klede og verdigheit. I ei tid der skilnadene aukar er det fleire som treng hjelp. I fjor bad 13.000 menneske i heile landet om hjelp til jul, og 2.000 åt julemiddag hjå Frelsesarmeen. Ifølgje ferske tal frå Statistisk sentralbyrå lever kvart tiande barn i ein familie med låginntekt.

Nytt dei siste åra er at det lokalt blir sett ut handlevogner i butikkar både på Stord og i Fitjar. Her kan folk putta oppi matvarer, som vil gå til vanskelegstilte i Stord, Fitjar og Bømlo. Det vil også vera høve til å gje julegåver til born. Desse kan leggjast under julegrana på torget på Leirvik kommande laurdag, eller under grana på Heiane storsenter.

Pengane frå julegrytene går til lokalt arbeid, og nettopp difor er det så viktig å gje litt ekstra. I fjor vart det utført totalt 16.000 dugnadstimar ved dei 200 grytene, og no er det ingen grunn til å skulda på at ein ikkje har kontantar. Det går nemleg an å «vippsa» pengar. Frelsesarmeen si julegryte er eit svært viktig tiltak, og me nyttar høvet til å takka alle dei som melder seg som frivillig, og me vil med dette oppmoda folk om å gje så det monnar. Ha ei god adventstid!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut