annonse

Eit berekraftig initiativ

Berekraftsvekene
Berekraftsvekene: Lars Vatna Tømmervik og Tone Sandtorv Brakedal er elevar ved Stord vgs., og var med og arrangerte fakkelmarsjen, som ein del av berekraftsvekene. (Foto: Anita Haugland)

  • Leiar

I sist veke arrangerte Stord vidaregåande skule ein såkalla berekraftmarsj, ei løype gjennom Landåsen med ulike postar som tok opp ulike berekraftsmål. Dette markerte slutten på fire berekraftveker ved skulen, med eit omfattande program med alt frå film og konsert til debatt, foredrag og rollespel.

Stord vgs. er ein FN-skule og samarbeider med FN-sambandet og Den naturlege skulesekken om undervisningsopplegg. Berekraftprosjektet har bakgrunn i arbeidet med berekraftsmåla. Desse måla er forankra i Stortingsmelding 28, som har fokus på demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling, og folkehelse og livsmeistring.

Prosjektet går over tre år. I år var det samfunnsfag og naturfag som i størst grad utforska det tverrfaglege. I andre fag var relevante emne og kompetansemål prioriterte i denne perioden. I tillegg fekk alle elevane delta på eitt eller fleire fellesarrangement. Også den årlege Solidaritetsaksjonen var ein del av årets berekraftveker.

Les også: Stord vgs. skipar berekraftsveker

FN sine berekraftsmål er verdas felles arbeidsplan for å utrydda fattigdom, ulikskap og stoppa klimaendringane innan 2030. Dei består av 17 delmål, som alle er gjensidig avhengige av kvarandre. Stord vgs. har vore sentrale i arbeidet med å utarbeide undervisningsopplegg og oppgåver for elevane, saman med tre andre vidaregåande skular i landet.

Me deler med dette ut ros for eit berekraftig initiativ, og håpar at berekraftvekene neste år kan engasjera innbyggjarane i endå større grad enn det gjorde i år. For dette er noko alle bør ha fokus på, ikkje berre lærarar og elevar ved Stord vgs.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut