annonse

Eit godt, nytt trafikkår

Færre omkomne
Færre omkomne: Sjølv om det på landsbasis var færre som mista i livet på norske vegar i 2017, er det urovekkjande at Hordaland er det fylket med flest omkomne. (Foto: Vidar Hope / illustrasjon)

  • Leiar

106 personar mista livet på norske vegar i 2017. Det er det lågaste talet på 70 år, og 29 færre enn i 2016. Over halvparten er menn over 45 år. Sjølv om dette er positive tal, er det også nokre urovekkjande bak tala: Hordaland er det fylket med flest omkomne i trafikken i 2017. 12 menneskeliv har gått tapt på vegane i Hordaland.

Vegvesenet sine førebelse tal viser at 76 menn og 30 kvinner omkom i trafikken i 2017. Prognosane ligg på om lag 620 hardt skadde. Seks har omkomme i juletrafikken, som vert rekna frå og med 23. desember til og med 2. januar.

For Sunnhordland, og særleg Kvinnherad sin del, vart avslutninga på året vond. To stygge ulukker i Kvinnherad prega ein heil kommune, med fleire alvorleg skadde og ein omkommen. No ønskjer politiet å sjå nærare på årsakene, for å kunne gjera tiltak. Det er fornuftig. I motsetnad til trenden elles i landet, er det unge menn som pregar ulukkestala i Kvinnherad.

Les også: Historisk låge tal på drepne i trafikken

Sjølv om tendensen er at det er stadig tryggare på vegane, er dette langt meir enn tal og statistikk. Bak kvar einaste ulukke er det ein tragedie som rammar familie, venner, kollegaer og lokalsamfunn, seier vegdirektør Terje Moe Gustavsen. Han har sjølvsagt heilt rett. Difor håpar me at kvar og ein som set seg bak rattet er varsam og brukar vit, slik at trafikkåret 2018 blir endå eit rekordår. Køyr forsiktig og vis omsyn, er vårt råd til alle trafikantar.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut