annonse

«Eit merkeleg regelverk»

Fekk nei
Fekk nei: No har også Fylkesmannen i Rogaland sagt nei til etablering av Biltema på Heiane Vest. (Foto: Magne Kydland / arkiv)

  • Leiar

Endå ein gong har Fylkesmannen sett foten ned for at Biltema skal få flytta inn i eit nytt bygg på Heiane Vest. Dermed støttar Fylkesmannen i Rogaland sin kollega i Hordaland, om at Heiane Vest ikkje er regulert til slikt formål. Vedtaket er stikk i strid med det både folk, administrasjon og politikarar i Stord kommune meiner. Konsekvensen blir at Biltema truleg legg ned på Stord.

Dette har vore ei merkeleg sak, frå starten av. Utbyggjar Fronta har reist bygget til den nette sum av 50 millionar kroner, og hatt ein tett dialog med Stord kommune frå dag éin. Tilbakemeldinga har vore klar: Her er det berre å setja i gang. Men så viser det seg at det var ikkje så enkelt likevel. Ei rekkje brev og tallause møte har så langt ikkje ført til noko resultat.

Les også: Slik reagerer Biltema-kundar på at butikken kan forsvinna

Stord kommune gav byggjeløyve i samsvar med overordna planverk, og har i denne saka lagt til grunn same tolking av reguleringsplanen som for andre etableringar på området. Men Fylkesmannen meiner at etableringa krev dispensasjon. Kva som no skjer er uvisst. Heller ikkje departementet, som viste stor forståing for kommunen sitt syn, har vore villig til å gripa inn og overstyra vedtaket.

I denne saka kokar det ned til tolking av lovar og reglar, og her er ikkje Fylkesmannsverket samde med kommune og fylkeskommune. Kven som har rett veit ikkje me, men til sjuande og sist handlar dette om å bruka sunn fornuft. Eit anna spørsmål er også om regelverket er tilpassa ei moderne tid, der varehandelen er i sterk endring. For om Jeff Bezoz og Amazon.com-toget kjem dundrande inn i Norge, er det kanskje ikkje lenger eit spørsmål om kva butikkane på Heiane skal ha i hyllene. Då er spørsmålet om det i det heile teke vil vera butikkar der. Det vil skje heilt utanfor kontrollen til både Fylkesmannen i Rogaland og Hordaland.

Les også: Jan Inge Aasheim starta underskriftskampanje for Biltema

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut