annonse

Eit nyttig prosjekt

Elevinspektør
Drømmeskole: Det er bra å satsa på tiltak som kan skapa gode læringsmiljø, og som kan hindra at elevar fell ifrå, skriv Sunnhordland på leiarplass. Her ser me elevinspektør Cecilie Berger på Stord vgs. (Foto: Marius Knutsen)

  • Leiar

Stord vidaregåande skule er for tida ein del av Complete sitt forskingsprosjekt, som er utvikla for å betra læringsmiljøet i vidaregåande opplæring. Det overordna målet er å auka elevane sin trivsel på skulen, og i neste ledd forhindra «dropouts», altså at elevane sluttar. Gjennom studien har Stord vidaregåande skule forplikta seg til å vera ein såkalla Drømmeskole over to år. Dette er eit opplegg der både den administrative leiinga, lærarar og elevar blir involverte, og skal jobba for å få eit betre miljø på skulen.

Elevmentorane er kjernen i modellen. Deira hovudoppgåve er å bidra til at medelevane føler seg sett og godt ivaretekne medan dei er på skulen. Dette bidreg til eit inkluderande klassemiljø i den klassen som elevmentorane har ansvar for. Skulen rekrutterer, lærer opp og rettleiar eldre elevar, som er eigna for oppgåvene som elevmentor. Elevmentorane får opplæring i verktøy og metodar som kan hjelpa dei i arbeidet med å skapa tryggleik, tilhøyrsle og motivasjon blant elevane på skulen. Dei får ei heilt spesiell rolle som førebilete for andre elevar. I onsdagens avis kan du lesa om korleis Marius Quam, Alexandra Utslottøy og Helene Røstbø Treeck løyser oppgåva som elevmentorar på Stord vidaregåande skule.

Første delrapport frå prosjektet er no klar, og viser at tiltaka som er prøvd ut kan gje ein lettare overgang frå ungdomsskule til vidaregåande. Uansett om opplegget heiter Drømmeskolen, eller andre ting, er det bra å satsa på tiltak som kan skapa gode læringsmiljø, og som kan hindra at elevar fell ifrå. For som elevinspektør Cecilie Berger seier: Har ikkje elevane det bra, er det vanskeleg å læra noko.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut