annonse

Eit strålande kulturtilbod

KULTURTILBOD
KULTURTILBOD: – For oss som jobbar i lokalmedia, og sjølvsagt for publikum, er det berre kjekt at det er mykje å velja mellom. Men dei fleste som driv med dette veit at kunst og kultur kostar, skriv Sunnhordland på leiarplass. Her frå Skambankt-konserten med helga, ved vokalist Terje Winterstø Røthing. (Foto: INGVILD SIGLEN BERGER)

  • Leiar

Det er mykje å ta seg til for dei kulturinteresserte for tida. I gårsdagens avis kan du lesa om ein av fleire konsertar som gjekk føre seg denne helga, i tillegg til nyopning av nytt galleri i Borggata. Også førre helg var det ei rekkje konsertar å velja i, i tillegg til matfestivalen Herifrå.

Ein kik på «Det skjer»-kalenderen på www.sunnhordland.no viser at det er meir enn nok som skjer utover hausten.

Stord kommune og kulturhuset er sjølvsagt den største arrangøren, og her er det forutan bibliotek og daglege kinoframsyningar alt frå revy og teater til kunst, og ikkje minst konsertar. Arena er den største og mest aktive konsertarrangøren blant utelivsaktørane, men stadig oftare er det konsertar også på andre utestader, anten det er på Leirvik eller i Sagvåg.

Og tek me med at det snart er heile tre galleri på Stord, når Galleri Giga nyopnar på Bytunet, så skulle ein ha tilbod for dei aller fleste. Også i nabokommunane registrerer me at kulturlivet blømer, med store lokomotiv som Moster amfi og Baroniet Rosendal i front.

For oss som jobbar i lokalmedia, og sjølvsagt for publikum, er det berre kjekt at det er mykje å velja mellom. Men dei fleste som driv med dette veit at kunst og kultur kostar.

Konkurransen er hard og tøff, og den største konkurrenten i så måte er nok fjernsynet og dataen heime.

Uansett skal alle kulturaktørar og arrangørar ha ros for at dei satsar, og gjev eit breitt og flott tilbod. Nettopp difor er det viktig at folk faktisk støttar opp om og brukar pengar på ulike arrangement, slik at tilbodet blir bra også i åra framover.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut