annonse

Få julekjensla til Leirvik

Julestemning
Julestemning: Heile Borggata var full i folk under skogdagen for fem år sidan. Her serverer Torunn Eikeland (t.v.) graut til Lillan og Magne Sæbø. (Foto: Olav Røli)

  • Leiar

Dei finst så godt som i kvar ein by i Europa i desse dagar. Me tenkjer på julemarknadar. Dei kjem i små og store utgåver. Haugesund har i mange år hatt årleg julemarknad helgene før jul med julebuer, juletelt og scene. Bergen har sin julemarknad på Festplassen. Rundt om i bygdene finst det ein rekkje mindre variantar og Stord og Fitjar er ikkje noko unnatak. Sist helg var det marknadsstemning på Helland i Fitjar. I dagens avis skriv me at Sagvåg bygdelag og Sagvågen kystlag arrangerer julemarknad på Jensaneset til helga.

Men kvifor er det ikkje noko likande i Leirvik sentrum? Tidlegare år var skogdagen Leirvik sitt svar på julemarknad. Denne dagen var det bålrøyk, kokekaffi, spekjepølse og graut i Borggata, og folk stilte i store mengder. Men for to år sidan var det slutt. Det var Stord bondelag som stod bak dagen, men med stadig færre i rekkjene, klarte dei ikkje lenger å samla seg til arrangementet.

Les også: Det kjem seg i peparkakebyen i Borggata

Det er ingen tvil om at folk ønskjer å oppleva julestemning utover å stå i køen på kjøpesenter, eller å bestilla varer frå nettbutikken frå sofaen. Folk ønskjer å krydra julehandelen med å smaka og lukta jula. Ein ønskjer å handla noko som gir ei kjensle av autentisitet og tradisjon. Samstundes ser ein at ulike matmarknadar som det omreisande europeiske matmarknaden om sommaren trekkjer folk til Leirvik, for ikkje å snakka om Herifrå-festivalen i oktober.

Gløgg, bålpanne, kristtorn, juletre, ponni og kjerre er det sikre. Men kva med lokalmat, antikvitetar, lokalt handverk og kunst, eller kanskje noko heilt anna? Sunnhordland er ikkje i tvil om at det finst mogelegheiter. Er det nokon som vil ta opp hansken? I så fall stiller gjerne lokalavisa opp som medspelar.

Galleri: Her kan du sjå alle teikningane me har fått inn så langt

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut