annonse

Fantastisk og unik festival

Vakkert
Vakkert: Levende lys sjarmerte under Falturiltu. (Foto: Ingvild Eide)

  • Leiar

I over ei veke har den 11. Falturiltu-festivalen blitt arrangert, med arrangement for både store og små, i fleire kommunar. Falturiltu har for lenge sidan vakse ut av Stord, og på årets program var det ting som skjedde både i Fitjar, Bømlo, Sveio og Kvinnherad.

Falturiltu har gradvis vakse seg større år for år, og i 2017 ser det ut som billettsalet passerer 6.000. Deltakarane kjem frå eit stadig større område, og alle som ein verkar å vera nøgde med innhaldet og opplevingane. Også arrangørane er nøgde. Dette til den beste Falturiltufestivalen til no, slår festivalsjef Roald Kaldestad fast.

Les også: Song, dans og høgtlesing

Forfattarar, musikarar og biletkunstnarar leverte høg kvalitet over heile linja. Stein Torleif Bjella leverte ein av dei beste konsertane på Stord nokosinne, og Linda Eide meinte at ho hadde det beste publikummet på lange tider. Forfattarane skrytte av elevane på alle alderstrinn, og eit anna høgdepunkt var det magiske samspelet mellom barnekoret Levande lys, dansarar frå kulturskulen, Aspane og bandet Morgonfrosken. Festivalforfattar Per Olav Kldestad blei rett og slett mållaus.

Les også: Ivrige elevar besøkte Kværner

Falturiltu sin status berre aukar, år for år. Det økonomiske fundamentet synest å vera på plass, med ein positiv vertskommune og solide støttespelarar. Falturiltu er verkeleg noko som set Stord på kartet. Me gratulerer med nok ein vellukka festival, og er spente på utviklinga dei neste åra.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut