annonse

Fare for budsjett­smell

  • Leiar

TORSDAG KVELD vart Stord kommune sitt budsjett for 2017 vedteke av kommunestyret, og konklusjonen vart som venta: Koalisjonen går inn og reddar dei fleste førebyggjande tiltak, og opnar for å nytta eigedomsskatten til drift, i første omgang vedlikehald av bygg. Dette er nokolunde i tråd med det me skreiv etter at rådmannen kom med sitt budsjettframlegg, eit framlegg me karakteriserte som ei «lissepasning» til koalisjonen.
 
ÅRETS budsjetthøyringar har ført til stort engasjement. Koalisjonen har lytta til folket, og har dermed henta inn pengar til dei førebyggjande tenestene. Blant andre gode tiltak er å auka talet på lærlingar i staden for å redusera, og å syta for at det kjem lys i Landåsen. Fleirtalet vil også bruka 400.000 til lag og organisasjonar, og det er lagt opp til vidare støtte av Atheno.
 
FOR Å FINNA pengar til alt dette, vert det lagt opp til eit effektiviseringsprosjekt som skal spara inntil 0,5 prosent på den kommunale drifta. I tillegg har koalisjonen tru på eit betre år for næringslivet, og skrur opp skatteinntektene. Oppstart av fleirbrukshall i Sagvåg er framskunda frå 2020 til 2019, medan eitt av prosjekta som må ut av rådmannen sitt framlegg er 13 millionar kroner til å fiksa taket på Rackethallen på Vikahaugane.
 
MANGE VIL applaudera resultatet, men samstundes er det mange farar og små marginar ute og går. Stord går på ein solid skattesmell i år, og rådmannen har difor teke omsyn til dette i sitt budsjettforslag. Koalisjonen har heva skatteinntektene med éin million kroner, samstundes som dei forventar å spara inntil 2,75 millionar kroner på effektivisering av drifta. Dette gjev all mogeleg grunn til å ta høgde for ein solid budsjettsmell i 2017.
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut