annonse

Fenomenet har nådd Stord

Avtalt slåsting
Avtalt slåsting: Her går to ungdommar laus på kvarandre. (Foto: Privat)

  • Leiar

Politiet går ut og åtvarar mot ein ny trend, der ungdommar avtalar slåstkampar på sosiale medium, og der slåstkampane blir filma og lagt ut på nett. I løpet av ti dagar vart det registrert ti slike slåstkampar i Sør-Rogaland, og no har dette fenomenet også spreidd seg til nordsida av Boknafjorden. Både frå Stord og Karmøy er det konkrete døme på slik verksemd i løpet av siste veka.

Dette er ikkje noko nytt, og for to år sidan skreiv Bergens Tidende om ungdommar som avtalte slåstkampar, og som tok betaling for at andre ungdommar skulle sjå på. Eit kjapt søk på nettet viser at det har vore fleire døme frå liknande saker over heile landet dei siste åra.

Men det er særleg dei siste vekene at dette har vorte eit stort problem i Sør-Vest politidistrikt, og no er altså dette komme til Stord.

Dagbladet sette søkjelyset på dette tidlegare i haust, og i løpet av september og oktober registrerte dei 36 ulike episodar der det var planlagt og/eller gjennomført slåsting mellom ungdommar heilt ned i 13-14-årsalderen. Og det er ikkje berre gutar som gjer slikt. Også jenter planlegg slåstkampar.

Valdsforskar: – Dei får status og fryktbasert respekt

Samstundes viser ei fersk undersøking at det er mykje mindre slåsting blant ungdommar i dag enn før, noko ei kartlegging av ungdomsvald i Norge viser. Kartlegginga er gjort av Lars Roar Frøyland ved OsloMet og Tilmann von Soest ved Universitetet i Oslo.

Dei to har funne ut at vald blant ungdom nesten er halvert mellom 2007 og 2015. Også elles i Europa har vald blant unge gått ned. Difor håpar me og trur at den negative trenden, med avtalte slåstkampar, er forbigåande, og at dette vonleg tek slutt snarast. Men då er det viktig at foreldra engasjerer seg og følgjer med på kva ungane deira driv på med.

Fitjar: Ber foreldre snakka med borna sine etter oppslag

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut