annonse

Ferietrøbbel i vente

NESTE år kjem påsken tidleg, noko som skapar krøll for dei som skal sy saman ei fornuftig skulerute rundt om i kommunar og fylkeskommunar. Vanlegvis har ein vinterferie i Sunnhordland i månadsskiftet februar/mars, men når palmesøndag i 2016 fell på den 20. mars, vil det berre vera eit par veker mellom vinterferie og påskeferie. Dette skapar hovudbry på skulekontora rundt omkring.
 
 
 
HOVUDPROBLEMET, iallfall for foreldre som har born i vidaregåande og i grunnskulen, er at nokon ser ut til å landa på ei veke tidleg vinterferie og påskeferie, medan andre kuttar ut vinterferien og legg den inn i etterkant av påskehøgtida, slik at det blir to veker påskeferie. Ingen dum tanke, men dette skapar store problem for familiar med elevar på ulike skular, kanskje i ulike kommunar.
 
 
 
BERGEN kommune bestemte alt tidleg i fjor haust å kutta ut vinterferien og i staden ha lang påskeferie, noko som gjorde at dei fleste følgde etter. I Stord vart det først lagt ut ei skulerute utan vinterferie, men med lang påskeferie, men denne vart endra etter at forslaget hadde vore ute på høyring. Dette har skapt ein del forvirring rundt om, og blant dei som fortvilar er rektor Leif Helge Engelsen ved Fitjar vgs. Han trudde at alle kommunane i Sunnhordland ville følgja Bergen, men no har altså Stord snudd. Ved Fitjar vgs. er det elevar frå både Stord, Fitjar, Austevoll, Kvinnherad, Bergen og Bømlo, så her vil ein truleg ikkje kunne gjera til lags uansett.
 
 
 
DET ER vanskeleg nok for foreldre å halda følgje med – og ikkje minst kunne ta fri – alle skuleferiane. Neste år ser det ut til å bli ekstra ille. Me har inga meining om kva løysing ein går for, men me vonar at kommunane og dei vidaregåande skulane i Sunnhordland kan finna saman om ei felles løysing, noko som vil komma alle partar til gode.

Klikk for å sjå kommentarar ()