annonse

Festdag for aktivitet

Folkehelse
Folkehelse: Arrangement som Sunnhordland Maraton er med på å gje folk ein dytt opp frå sofaen. Her ser me Terje Børtveit og Bjørn Lindgård, som skal spasera gjennom løypa 5. mai. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Leiar

OM TRE månader er datoen for Sunnhordland Maraton der. Allereie har rundt 280 meldt seg på dei tre distansane: 42 km, 21 km og 10 kilometer. Arrangøren fortel at påmeldingane har strøymt på dei siste dagane, og ein har no tru på at det er mogeleg å nå drøymegrensa på 1.000 deltakarar.

I ONSDAGSAVISA skreiv me sak om Bjørn Lindgård og Terje Børtveit som satsar på rask gange, og å rekka makstida på seks timar på full maratondistanse. Me har tidlegare intervjua Roar Eikenes (35), som bestemte seg for at 2018 var året der han skulle finna seg ein ny hobby, springing, og halvmaraton 5. mai. Ordførar Gaute Epland og varaordførar Jakob Bjelland møtes til «politisk duell» på same distanse.

SUNNHORDLAND er medarrangør til løpa 5. mai. Me har eit stort håp om at arrangementet skal fengja vanlege mosjonistar. Det er klart at det er stilig å sjå dei verkeleg raske atletane susa forbi i ein fart ein berre kan drøyma om. Men det er trass alt mykje artigare å vera med på å heia ein utsliten nabo eller ein adrenalinhøg kollega over mållinja.

HÅPET VÅRT ER at vanlege mosjonistar, unge og gamle, tek steget og melder seg på løpet. Og for dei som er mosjonistar er det framleis håp. Innan tre månader er det fullt mogeleg for dei aller fleste å klara å springa eller gå ti kilometer. Kjensla av siger er når ein har utfordra seg sjølv, og innfridd. For dei aller fleste speler det inga rolle kven som kjem først i mål. Bli med på å gjera 5. mai til ein festdag for aktivitet!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut