annonse

Fisket er i gang

Delikatesse
Delikatesse: For mange er hummarfisket eitt av sesongens høgdepunkt, og me håpar og trur at dei nye krava aukar respekten for lovar og reglar endå meir, skriv Sunnhordland på leiarplass. (Foto: Marius Knutsen)

  • Leiar

Nærare 30.000 hummarfiskarar har registrert seg til årets sesong, som starta sist søndag. Dei fleste er fritidsfiskarar som kan fiska med inntil ti teiner og fleirtalet av dei registrerte hummarfiskarane oppheld seg i sør, frå Rogaland til Østfold. Men også i Hordaland er det mange som har registrert seg for å driva hummarfiske, melder Fiskeridirektoratet.

Hummarfisket opna 1. oktober og varer til og med 30. november. Nytt av året er at alle som vil vera med må registrera seg. Det er første gongen det er obligatorisk påmelding til hummarfisket, noko som gir styresmakter og forskarar ei heilt ny oversikt over både omfanget og kor fisketrykket er størst og minst. Noko av årsaka til dei nye reglane er at norske fiskerimyndigheiter stramma inn reglane for hummarfiske i 2008 og 2009, for å få opp bestanden, men det har ikkje gjeve så store resultat. Blant tiltaka som då vart gjort var mellom anna totalforbod mot å ta opp hummar med rogn.

Tidlegare var det berre dei som profesjonelt omsette hummar som måtte registrera seg. Fram til i år har ein eigentleg aldri visst eksakt kor mange som fiskar hummar langs Norskekysten. For hummarstammen i Norge er under press, men han er ikkje utryddingstruga. Difor var det aldri aktuelt med eit totalforbod, noko som er bra. For mange er hummarfisket eitt av sesongens høgdepunkt, og me håpar og trur at dei nye krava aukar respekten for lovar og reglar endå meir. For ingen er tente med at bestanden på lang sikt blir så svekt at det blir eit forbod.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut